torsdag 22. august 2019


Reisebrev nr.2






Husveret mitt i Friland i juli


Eg fekk leiga ein liten paveljong i ein månad hos ein av bebuarane , så eg hadde god tid til å tutla rundt og» føla meg inn i «landsbyen, og bli kjent med dette forunderlig samfunnet.

Har jo vært øko begeistra  i mange år, og bygde  økohus på Frekhaug som faktisk fekk øko pris....

Og omlegging til økologiske produkt skjedde for 33 år sidan då eg var så fortvila over all gift frå landbruket og fabrikkane..
Då skjønte eg at eg faktisk kunne gjera noko for miljøet sjøl.

Då vart eg fast kunde på Helios , einaste økologiske butikken i Bergen som var den gongen.

Eldstemann Timm var 2 år, og eg ville jo ikkje gje han mat med gift i , så heile huset vart lagt om til øko. Kjøkken, bad og vaskerom...




Flyfoto av Friland etter alle tre byggjetrinna er nokonlunde ferdig.



Nær kjøpmannen, nei nær kjøpdamen…





Eg rusler  opp til nær butikken 10 min unna Friland, og fekk alt eg trengte økologisk. Deilig å vera norsk i Danmark..

Morsom å komma i kassen i butikken, med røyk med farge på og sprit og vin til ein billig penge. Øko røyk kosta 55 n. kr. pr pakke...

Oppdaga friskule og barnehage med stor bemanning som ligg rett utanfor  landsbyen. Spennande og ny tenkjande.


OG alle eg møter helse på meg! Til og med dei små og unge! Akkurat som vi gjer på fjellet heima…



Vill med vilje
Her er det mange som ikkje slår graset, overgrodde blomster eng til glede for homle, sommarfuglar og fuglar..Hørte ikkje ein plenklippar eller kantklippar på 3 veker.. Her er så befriande stille! Eg nyt det…


Til og med ein her som heldt kurs i å slå med ljå. Stilig!









Guida tur i Friland

Kvar torsdag er det annonsert felles omvisning i Friland. Frilendarane elska å visa fram landsbyen sin, og på denne måten blir det færre nyfikne som går rundt på eigen hand. Dei er veldig  berømte i Danmark, fordi DRTV har laga mange program om Friland. Du finn mange av dei når du søkjer på DRTV.
Eg hiv meg på og får meir informasjon som gjer meg meir og meir begeistra.

Kjem til Steen Møller sitt hus, der allt spillvatnet frå huset går rett ut under drivhuset….
Kjem det besøk av nokken som går på medesinar, må dei gå på naboens do…

Steen Møllers hus




Druene i  drivhuset smakte herlig!





Her er Steen ved komfyren. Spennende masseoven han har, og så fargerik!
Spennande og karismatisk Grynder.
Dansk tv fulgte oppstart og vidare gang av Friland i mange utsendinger. Her er Steens historie.. Kansje den grønnaste mannen eg har møtt..


I gamle dagar blei jo all møkk brukt i åkrane her til lands. Og heime på Garden har me snurredass, og urinen brukar vi som gjødsel, og driten kompostera me i eit år før dei går ut i kjøkken hagane våre. Nok drittpreik for i dag................

 Fortsettelse kjem ......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar