onsdag 21. august 2019

Bloggen om økolandsbyer som fungerer.
Eg starta i Danmark som har 38 landsbyer og 25 er under oppføring.



Bilderesultat for rainbow



Min danske åpenbaring
Eg var pissa lei av livet, vinteren hadde vore ei lang mørk reise..
Trøtt av garden vår, ikkje same inspirasjon å dyrka denne våren, uten glede med våre fritt gåande dyr…Kort fortalt pissa lei av det heile..
Så drøymte eg ei natt at eg var klar for å selja garden og flytta..
Obs, dette var heilt nytt for meg! Dagen etter får eg tips om ein økolandsby utanfor Århus som var heilt spesiell. Friland Økolandsby..
Neste dag får eg tips om ei som skal selja huset sitt i denne landsbyen..
Fekk lyst å hiva meg på flyet med ein gong, men eg måtte venta ei veke for eg skulle ha ein grå stær operasjon på Haukeland først…(var blind på venstre auga, og var veldig svimmel. Helsa var kort sagt veldig redusert.)
Auge operasjonen gjekk kjempefint, helsa kom seg betraktelig og eg var klar for å dra avgarde..
I mellomtida leste eg meg opp på denne landsbyen, og vart berre meir og meir oppglødd..

Danmark, here I come
Vart henta på Billund av ei dansk nær venninde gjennom 22 år, eg var såå spent om magefølelsen min stemte då me køyrte inn i Friland på Djursland.
Me stoppa i Rønde, nabo byen for å handla inn det eg trengte i starten. Fekk alt økologisk for ca 1300.- kroner. Ein fest berre det..Ein av dei store glede med å vera i Danmark.




Første møte var over all forventning…..
Ikkje to make hus, ca 1 mål tomt til kvar hus stand, ein blanding av hummar og kanari er vel rett ord her..Nokre hagar var pene som eg jo er vant med heimifrå, nokre var villniss…herlig ustrigla.

«Holmenkollen» har heimalage solfangar av tomme øl boksar..som gir varme til varm vatnet..
Sjå innslag frå bygginga av solfangaren. Hr. Petter Smart..



I Friland har dei ikkje reglar, prinsippar kalla dei det…
Nokon av  prinsippa var at dei skulle vere gjeldfrie, byggja sine eigne hus og minst mulig avfall, ein frå kvar husstand skulle ha eit arbeid i landsbyen (så ikkje det skulle vera ein tom by om dagen). Ta ansvar for spillvatnet (avløp frå kjøkken og bad), mest mulig gjennbruk..
Dei starta opp i 2002, gryndaren var Steen Møller og Anton Gammelgaard. Det vart eit sammarbeid med DR, dansk tv, og dei starta opp med å laga reportasjar frå starten av.
Kongstankane var å vera gjeldfri, ikkje ta imot støtte (som ville leggja føringar for korleis prosjektet skulle utvikla seg).
« Frå gjeldstynga eine bustad til å byggja sin eigen heim», mest mulig gjenbruk, «Frå ansatt til å skapa sine eigen arbeidsplss»

Det rådde ei stor dugnadsånd frå dag ein. Alle skaut inn 100000 kroner, dei kjøpte eit landbruks område på 40 mål  som det hadde blitt dyrka mais på…  altså «Frå bar mark til ein pulserande øko by». Prisen vart billigare jo lenger vekk frå by dei kom. Seinare kjøpte dei 60 mål til då byggje trinn 2 og 3 vart realisert.
Fortalt av ein ur-innvånar i Friland:
«Med hensyn til kommunen, så var Rønde kommunes byråd meget interesserede i Friland og deres bygningsingeniør, brandinspektør, bygningssagsbehandlere, kommuneingeniør (spildevandsrensning) var alle på besøg og kommunen var indstillet på at de brugte tid på at sætte sig ind i de idéer og tanker, som Frilands bygger på. Det gav et godt samarbejde fra starten. Byrådet var på besøg og fik en guidet rundvisning og der var meget åbenhed om processen. Det sammen med lokalbefolkningen (naboerne), hvor initsjativ tagerne sammen med kommunen holdt informationsmøder, så alle kunne komme og høre om projektet og stille spørgsmål.
Det er vigtigt at kommunerne er positivt indstillet.»

Felleshuset Ravnen vart bygd tidleg, og blei i starten brukt som kontor bygg.
Frå boka som er laga om korleis Ravnen vart bygd.
Her ser du dei ulike isolasjons måtane dei brukte








Steen Møller og dotra laga ei skisse og ein liten modell av huset..
Så satt dugnads ånden inn, og huset vart bygd med 85% frivillige, og prøvd ut nye og gamle byggetenikkar.  Veggane har ulike isolasjon variantar.: sjkjell, halm, tørka tang, avis stablar, sand sekkar og gamle filler… Utpå det vart det leire og malt med heimelaga maling..
Det morsomme og inspirerande var å byggja utan arkitekt tegning. Då får fantasien fritt spillerom, som Steen fortalte meg da eg møtte han i Friland



Forsettelse føljer.....

1 kommentar: